HeimSkule og utdanningStamnes oppveksttun opnar i april 2021

Stamnes oppveksttun opnar i april 2021

Å skape eit godt miljø for borna

Eit oppveksttun gjev nye mogelegheiter for å skape eit godt miljø kring borna i bygda. Som samlingsplass på føremiddag og ettermiddag vil oppveksttunet spele ei stor rolle i borna sine sosiale liv. Tryggleik innom huset er grunnleggjande for å få til dette. Me legg derfor stor vekt på å la dei yngste borna bli kjent med kvarandre og bli trygg på dei eldre borna. Oppveksttunet vil la borna få rollar i kvarandre sitt liv. Dette gir grobotn for trygg identitet, både hos seg sjølv, med andre og til bygda.

Borna og dagane deira på oppveksttunet

Ved oppstart våren 2021 vil det vere totalt 38 born som skal ha barnehage-, SFO-, skuletilbodet sitt på oppveksttunet. Opningstida er frå kl 07.00 til kl 16.30, og alle med barnehage-/SFO-plass kan søkje om å få tilbod i heile opningstida. For SFO gjeld betaling etter søknad/kor mange timar ein nyttar. (Opningstida vert justert etter dei smittevernreglane som gjeld til ei kvar tid).

Tal born på Stamnes oppveksttun:

 

Vår 2021

Haust 2021

Barnehage

13

11

1.-4. klasse

11

9

5.-7. klasse

14

9

Totalt

38

29

Leiing

Alle dei tilsette på oppveksttunet vil ha rektor/leiar for Stamnes oppveksttun, Jan Erik Dahle, som sin næraste leiar.
Karianne Pettersen er styrar fram til sommaren.

Kontaktlærar, lærarar, fagarbeidarar/assistentar:

  • 5.-7. gruppa vil ha felles kontaktlærar
  • 1.-4 gruppa vil ha ein felles kontaktlærar
  • Barnehage/SFO vil ha pedagogisk leiar og fagarbeidarar/assistentar


Oversyn over personalet vert klart før oppstart.

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Bakgrunn

Kommunestyret vedtok 25. februar 2020 bygging av oppveksttun i Sanden på Stamnes. Den økonomiske totalramma var sett til 23 millionar kroner (Saksnr. 08/2020 Stamnes Oppveksttun). Med det er det slutt på at borna på Stamnes skal gå i barnehage i Grupevegen, eit bygg som vart oppførd i 1991. Skulen på Stamnes vart oppførd i 1974 og får no eit tilbygg tiltenkt barnehageavdelinga.


Sist oppdatert: 02.02.2021
Publisert: 02.02.2021