Vaksdal skule 2020 - 2022
Innskriving til skuleåret 2020-2021
Innskriving til skuleåret 2020-2021
Borna frå Vaksdal og Stanghelle vil få invitasjon frå rektor Monika Antun.
Informasjon om trinn, grupper og kontaktlærar 2020 - 2021
Hei føresette og elevar på Stanghelle og Vaksdal skule.
Neste år blir vi ein skule, og vil vere om lag 170 elevar.
Nokon trinn vil bli ein klasse, mens andre vil vere ein A og ein B. Erfaringane frå Stanghelle-Dale er at dei trinna som er blanda mellom skulekretsane, opplever at vennskap lettare går på tvers. Denne erfaringa har eg teke med meg, slik at dei gruppene som er ein A og ein B vil vi blande elevar frå Vaksdal og Stanghelle. Unntak for dette er 1.trinn. Under ser de kven som blir kontaktlærarar i dei ulike gruppene.
|
Kontaktlærar |
1A |
Sissel Tvenge Olsnes |
1B |
Marit Herfindal |
2 |
Tove Mette Amundsen |
3 |
Joyce Reni Nilsen |
4A |
Anne Kristin S Furubotn |
4B |
Anita Lind Johansen |
5A |
Arne R Sandven |
5B |
Svein-Ingvar Elvik |
6A |
Karen Storesund Nilsen |
6B |
Marianne Foss Borge |
7 |
Sara L Dale og Stine Marie Sæterdal |
Andre erfaringar vi har gjort no på begge skulane, er å ha delte friminutt. Dette ser vi er svært positivt, så eg vil organisere skuledagen slik at 1.-4.trinn har friminutt for seg, og 5.-7.trinn for seg.
Til sist har eg lyst å orientere om at administrasjonen vil ha ei ny organisering frå hausten av. I tillegg til rektor så skal vi ha to Teamleiarar som begge har 50% av stillinga si til administrasjon og leiing. Dei to Teamleiarane er Kari Vaksdal Faugstad og Agnetha Olsen Brekkhus.
Me gler oss til nytt og spanande skuleår!
Med helsing Monika Antun,
Rektor
Skuleskyss
Vi skal ha klart busslister kven som skal reise med kva buss i god tid før skulestart.
Elevane treng ikkje busskort for skuleskyssen.
Morgon (alle dager):
07.40 - Buss frå Stavenes via -Sandvik-Langhelle-Bogo. (Både barnetrinn og ungdomstrinnselevar.) Bussen kjører til Stanghelle skule før den fortset til ungdomsskulen.
07.40 - Buss frå SFO Jamne, er på senteret 0750 («SFO-bussen», i hovudsak 1- 4.trinn).
07.50 - Buss frå senteret 07.50 (i hovudsak mellomtrinn).
Skuleslutt - retur frå Stanghelle:
|
Måndag |
Tysdag |
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
1-2.trinn |
13.10 |
13.10 |
11.45 |
13.10 |
13.10 |
3-4.trinn |
14.25 |
13.10 |
13.10 |
13.10 |
13.10 |
5-7.trinn |
14.25 |
14.25 |
13.10 |
14.25 |
14.25 |
SFO
SFO Vaksdal vil i byggjeperioden vere i den tidlegare barnehagen på Jamne. Bussen vil hente og bringe borna til og frå Jamne SFO.
Søknadsfristen for å søke SFO er 1.april. Om du har spørsmål til søknadsprosessen kan du ta kontakt med SFO-leiar Jenni Haugland eller SFO-leiar Ingvild Lekve.
Av omsyn til morgonskyss til Stanghelle vil ordinær opningstid på SFO Jamne vere frå kl 07.15. til kl 16.00. Søknadar om utvida tid morgon eller ettermiddag gjer du i forbindelse med SFO-søknad.
|
Måndag |
Tysdag |
Onsdag |
Torsdag |
Fredag |
1.-2.trinn |
1325-1600 |
1325-1600 |
1200-1600 |
1325-1600 |
1325-1600 |
3.-4.trinn |
1440-1600 |
1325-1600 |
1325-1600 |
1325-1600 |
1325-1600 |
Klassar og lærarar
Tilsette som i dag arbeider ved Vaksdal skule vil frå hausten arbeide ved Stanghelle skule. Monika Antun vil vere rektor for heile skulen. Me arbeider no med å fastsetje klassedelinga og kontaktlærarkabalen for neste skuleår. Dette vil vere på plass i god tid før sommarferien.
Kontaktinformasjon
Rektor Monika Antun
- Mobil: 488 80 311
- E-post: Monika.Antun@vaksdal.kommune.no
SFO
- Mobil: 488 80 337
Ingvild Lekve
- E-post: ingvild.lekve@vaksdal.kommune.no
|
Kontaktlærar |
1A |
Sissel Tvenge Olsnes |
1B |
Marit Herfindal |
2 |
Tove Mette Amundsen |
3 |
Joyce Reni Nilsen |
4A |
Anne Kristin S Furubotn |
4B |
Anita Lind Johansen |
5A |
Arne R Sandven |
5B |
Svein-Ingvar Elvik |
6A |
Karen Storesund Nilsen |
6B |
Marianne Foss Borge |
7 |
Sara L Dale og Stine Marie Sæterdal |