Kommunale avgifter

Du kan sjølv velgje tal betalingsterminar på kommunale avgifter

Du har fleire val på korleis du vil ha forfall på faktura for kommunale avgifter

  • Fakturering og betaling 4 gonger i året (som i dag)
  • Fakturering og betaling 1 gong i året, enten heile årsgebyret om våren, eller heile årsgebyret om hausten
  • Fakturering og betaling halvårleg, ½ årsgebyr om våren og ½ årsgebyr om hausten
  • Fakturering og betaling månadleg, med betaling 1 gong pr månad

Dette gjeld kun private hushald og fritidsbustader.

Om du ikkje gjer noko

Då kjem faktura kvartalsvis som i dag.

Dette gjer du om du ønskjer å endre betalingstermin

Send ein e-post til fakturatermin@vaksdal.kommune.no og skriv kva val av dei ovanståande du ønskjer. (Det er ikkje mogeleg å ha andre oppsett ein dei som er lista opp over.)

Vi oppfordar til å opprette avtalegiro eller eFaktura

Vi oppfordrar alle som ikkje har efaktura eller avtalegiro om å opprette dette. Dette gjer du sjølv i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din.

Kommunen kan ikkje gjere dette for deg. Det enklaste er å opprett avtalegiro, då dette ikkje krev at du aktivt godkjenner fakturaen i nettbank.

Om eigedomsskatten ved månadleg faktura

Når det gjeld eigedomsskatten, vil me gjere dykk merksam på at den ikkje vil vere med på dei første faktura i året dersom du vel månadleg faktura.
Dette er fordi eigedomsskatten først skal vedtakast av ein sakkunig nemnd. Dette vert gjort etter nyttår kvart år. Når den er vedteke vil eigedomsskatten komme med på fakturaene med eit oppsamla beløp så langt i året.

 Abonnementskategori

Vatn

Pris/abonnent

Avlaup

Pris/abonnent

Bustad

 

 

Frittståande bueiningar < 60 m2

Kr. 2.349,-

Kr. 1.270,-

Bueiningar i fleirbustad/kombinerte bygg

 

Kr.  2.685,-

 

Kr. 1.451,-

Frittståande bueiningar > 60 m2

Kr.  3.356,-

Kr. 1.814,-

Næring

 

 

Anna næring/verksemd

Kr.  3.356,-

Kr. 1.814,-

Offentlege bygg

(Adm.bygg, skular, barnehagar)

 

Kr.  6.713,-

 

Kr. 3.628,-

Sevicenæring (overnatting og servering)

 

Kr.  10.069,-

 

Kr. 5.441,-

Institusjonar (sjuke-/pleieheimar, omsorgsenter

 

Kr.  13.425,-

 

Kr. 7.255,-

Våtnæring (tekstil)

Kr. 16.781,-

Kr. 9.069,-

Forbruksgebyr

Forbruksgebyret vert utrekna på grunnlag av målt eller stipulert forbruk, begge basert på einingspris, sjå tabell under.

Forbruksgebyr

Einingspris per/m3

Vatn

Kr. 24,83

Avlaup

Kr. 12,29

Leige av vassmålar

   

Årleg leige/gebyr pr. installert målar dim Ø t.o.m 1 ” (toms):

Kr. 344,-

Årleg leige/gebyr pr. installert målar dim  Ø større enn 1” (toms):

Kr. 688,-

Tilknytningsgebyr

Ein fast sum vert lagt til grunn for eingongsgebyret.

Tilknytingsgebyr

Gebyr inkl. mva

Vatn

Kr.  16.000,-

Avlaup

Kr.  16.000,-

Trykk her for å opne gebyrregulativ for vass- og avlaupstenestene for 2024. (PDF)

Feie- og tilsynsgebyr 2024

Kr 463.20,- pr. pipe for bustad og fritidsbustad.

For røykpiper med to pipeløp skal feie- og tilsynsgebyret vera 1,5 gonger gebyret for ei pipe.

Slamgebyr 2024

Gebyr for tømming av slamavskiljar

Tank våtvolum

Gebyr 

0,1 til 4 m3

Kr 1.833,-

4,1 til 8,0 m3

Kr 3.100,-

> Større enn 8,0 m3 (pris per m3)

Kr 488,-

Hytter/Fritidshus

Kr 916,-

For bustader - tømmefrekvens:

Slamavskiljaren skal tømast annakvart år, medan gebyret blir krevja inn årleg.

For hytter - tømmefrekvens:

Slamavskiljaren skal tømast kvart fjerde år, medan gebyret blir krevja inn årleg.

Renovasjonsgebyr

140 liter behaldar - "Minimumskunde": kr 2. 092,62 inklusiv 12 tømmingar i året. (6 tømminger pr halvår)

Ekstra tømming utover 6 per halvår -  kr 32,75 per tømming blir avrekna kvart halvår.

Gebyr for hytter/campingvogner vert rekna i % av gjennomsnittskunde.

Alle prisar oppgitt er inklusiv mva.

Trykk her for å få utfyllande informasjon om kategoriar for mellom anna utrekning av hytterenovasjon hos bir.no. 


Sist oppdatert: 19.04.2024
Publisert: 03.10.2018