Gravearbeid på Bryllupshaugen

BKK skal gjennomføre eit omfattande gravearbeid på Bryllaupshaugen.

BKK skal legge elektriske kablar til K5-prosjektet (ny veg og bane Arna-Stanghelle). 

Vegen er smal, og tilkomsten for køyrande og gravemaskinar er vanskeleg. 

Vi ønskjer å redusere ulemper for deg som innbyggar, og unngå graving fleire gonger på same vegstrekning. Derfor vil vi samarbeide med BKK og gjere nødvendig arbeid med å fornye vass- og avløpsleidningar. Fiber og veglys blir også lagt i same grøfta.

Oppstart av gravearbeid for å leggje elektriske kablar, fiber og VA-leidningar på Bryllaupshaugen er planlagt til mars/april 2024.

Kvifor skal vi leggje nye røyr, og kva skal vi skifte ut?

Vi skal skille felles avløpsrøyr

På Bryllaupshaugen er det i dag eit felles hovudrøyr med overvatn (regn- og smeltevatn frå drenering og taknedløp) og spillvatn (kloakk). Desse har tre utsleppspunkt til fjorden.

Vi skal no legge ned ein eige røyr for overvatn og eit for spillvatn.

Når røyra er delt vil regn- og smeltevatnet bli sleppt rett ut i naturen. Spillvatnet blir samla og pumpa til eit framtidig reinseanlegg.

Etter skille av spillvatn og overvatn blir det mindre avløpsvatn til det framtidige reinseanlegget. Dette gir lågare straumforbruk og slitasje på røyr og pumper. Samtidig kan vi dimensjonere det framtidige reinseanlegget for eit mindre volum. Dette vil gi lågare bygge- og driftskostnader.

Fornying av hovudvassrøyr

Eksisterande hovudrøyr for vatn er gamle og byttes ut for å minske lekkasje, og etablere ei robust vassforsyning for framtida.

På hovudrøyra blir det laga fleire kummar med påkoplingspunkt til spillvass-, overvatn- og vassrøyr for den enkelte eigedomen.

Kva er grunneigar sitt ansvar?

Handtering av overvatn:

  • Det er ikkje tillat å føre takvatn og drenering på kommunal avløpsrøyr.

Du som eigar må sørge for:

  • forsvarleg handtering av overvatn på eigen eigedom.
  • forsvarleg avleiing av overvatn frå eigendomen til ein kommunal overvassrøyr.

Det er ingen påkoplingsavgift for overvatn.

Kva må, og kva bør du som grunneigar gjere?

Dette må du gjere:

  • Kople på vatn og avløp i kummane til kommunen sine vatn- og avløpsrøyr.

Dette anbefalar vi deg å gjere:

Avløpsrøyr

  • Bytte ut gamle stikkleidningar frå kummane fram til husvegg.

Du kan bli pålagt å skifte om du har gamle stikkleidningar, og det blir avdekka stor slitasje og lekkasje på desse.

Om du får eit pålegg om å bytte, vil du få varsel og vedtak om pålegg i eige brev.

Vassrøyr

Dersom du har eit gammalt vassrøyr, anbefaler vi å skifte denne samtidig, spesielt om vassrøyret er av galvanisert stål. Slike vassrøyr har avgrensa levetid og bør bli skifta ut før dei ruster i stykkar.

Dersom det oppstår lekkasje, blir du som huseigar pålagt å skifte ut røyra på di eigedom omgåande.

Kva kostnader får du som huseigar, og korleis få jobben gjort?

Du som huseigar må dekke:

  • Alle kostnadar knytt til å bytte ut private stikkleidningar.
  • Påkoplingsavgift for vatn og avløp (eingongsavgift). Om du har vore tilknytt kommunal vatn og avløp tidlegare er du fritatt påkoplingsavgift.

Du kan redusere kostnadane ved å:

  • Utføre arbeidet samtidig med kommunen sitt anleggsarbeid.
  • Lede stikkleidningar via innkøyrsel og stiar på eigedomen.

Du kan bestille BKK sin entreprenør til å gjere jobben

BKK sin entreprenør skal legge inn elektriske kablar i bakken for straum fram til husveggen/eksisterande straumforsyning.

Du kan avtale med entreprenøren at private VA-stikkleidningar blir fornya og kopla på nye hovudrøyr for vatn og avløp samtidig.

Om du ønskjer at eit anna firma gjer jobben, kan du sjølvsagt gjere det.

Tilkomst, parkering og anna praktisk informasjon knytt til sjølve aneggsperioden

Tilkomst til eigendomen:

  • Det vil alltid være gang-tilkomst til eigedomane.

Mellombels vassforsyning ved avbrot

Det kan skje kortare avbrot i vassforsyninga og variasjonar i vasstrykket. Dette kan skje når det blir laga opplegg for mellombels vassforsyning fordi vassleidningane blir kopla om. Arbeidet vil bli varsla i god tid.

Dersom det oppstår akutte situasjonar, vil vi informere om dette så raskt vi kan.

Parkering:

I periodar vil det ikkje være mogleg å parkere bilar ved eigendommane. Entreprenøren vil ta dette opp med dei det gjeld etter kvart som utfordringa oppstår.
Vi oppfordrar å bruke parkeringsplassar ved togstasjonen eller ved Vaksdal senter.
Dersom du har el-bil kan det være periodar du ikkje har tilgang til å lade bilen der du pleier. Du må sjølv finne løysningar for alternative måtar å lade bilen på når du ikkje har tilgang til vanlig ladeplass på eigedomen. Du kan nytte nye ladestasjonar ved Vaksdal senter og ved Vaksdal skule.

Støy og støv:

Entreprenøren vil gjere det dei kan for å redusere ulemper for dykk som bur i området, men du må likevel rekne med både støy og støv i perioden.

Arbeidstid:

Arbeidet vil hovudsakleg halde fram måndag til torsdag klokka 06.00 – 17.00. I periodar må du rekne med at arbeidet varar noko lengre.

Posten:

Det blir organisert ei ordning for dette. Informasjon om ordninga kjem i eigen melding.

BIR:

Boss blir samla på ein plass. Informasjon om ordninga kjem i eigen melding.

Beredskap:

Entreprenøren skal etablere ei løysning for beredskap og tilkomst for nødetatane.

Kontaktinformasjon 

Om du har spørsmål eller spesielle behov som kommunen eller entreprenøren må ta omsyn til, ta kontakt med fagansvarleg for VA og miljøteknikk, Alena Dekhtyareva:

Det kjem kontaktinformasjon til entreprenøren når det nærmer seg oppstart.


Sist oppdatert: 10.01.2024
Publisert: 10.01.2024