HjemVeg, vatn, avlaup og boss, feilmeldingVatn og avlaupSøkje privat avlaupsanlegg, utsleppsløyve, tilkobling vass- og spillvassleidning

Søkje privat avlaupsanlegg, utsleppsløyve, tilkobling vass- og spillvassleidning

Tømming av septik/ slamavskiljar

Det er NORVA24 som utfører tømming for oss. Her kan du søke hos NORVA24 på ditt gårds- og bruksnummer.

Søkje privat avlaupsanlegg og utsleppsløyve 

Skal du etablere eit nytt utslepp i eit område utan offentleg avløpsleidning må du søkje om utsleppsløyve.

Du må også søkje om løyve når du skal:

  • auke eit eksisterande utslepp
  • endre type utslepp eller utsleppsstad
  • oppgradere eller rehabilitere avløpsanlegget

Du treng ikkje å søkje når du skal vedlikehalde anlegget ditt. Du treng heller ikkje å søkje om bygget ditt ikkje har innlagt vatn og utsleppet berre er gråvatn.

Kva betyr orda?

  • Avløpsanlegg: Eit anlegg for handtering av avløpsvatn som har eit avløpsnett, reinseanlegg og utsleppsstad.  Ein slamavskiljar (septiktank) og eit minireinseanlegg er ein del av avløpsanlegget.
  • Gråvatn: Badevatn, oppvaskevatn og vaskevatn frå eit vanleg hushald.
  • Svartvatn: Vatn som kjem frå eit toalett.
Særskilte reglar for slamavskiljar/septiktank/minireinseannlegg

Slamavskiljar, septiktank og minireinseannlegg skal inngå i den kommunale slamtømmeordninga.

Den kommunale slamtømminga skjer til faste tider. Tømming av ein slamavskiljar skjer normalt kvart andre år for ein heilårsbustad og kvart fjerde år for ein fritidsbustad.

Vilkåra for å få utsleppsløyve er at:

  • tilkomstveg har nødvendig fri breidde, høgde og bæreevne for tømmebil, normalt åtte tonn akseltrykk
  • avstand frå køyrbar veg til slamavskiljar ikkje er meir enn 100 meter
  • slamavskiljaren ikkje ligg lågare enn åtte meter frå køyrbar bilveg

Dersom du ikkje kan fylle desse vilkåra må du vurdere alternative avløpsløysingar. Vi godkjenner ikkje tett tank og heller ikkje plassering av slamavskiljar som vi må bruke båt for å tømme.

Slik søkjer du
  1. Trykk her for gå til digitalt søknadsskjema for utfylling.
  2. Hugs at du må nabovarsle søknaden. Naboane dine skal ha minst fire veker til å komme med innspel til søknaden din. Du må varsle alle som ligg langs heile traseen til utsleppet – både langs leidningen og ved utsleppsstaden. Det kan vere verdt å merke seg at denne typen nabovarsling har fleire krav enn vanleg nabovarsling etter plan- og bygningslova

Søknaden må innehalde:

  • Informasjon om utsleppstaden: om avløpsvatnet går til sjø, bekk, vassdrag og så vidare. Du må vise heile plasseringa av avløpsanlegget med tilhøyrande leidningstrase på eit kart.
  • Reinsegrad av anlegget du søkjer om
  • Nødvendige vedlegg
    • Informasjon om fagperson/føretak som har hjelpt deg med utforming og dimensjonering av anlegget
    • Dokumentasjon av reinsegrad for den avløpsløysinga du søkjer om
    • Plassering av avløpsanlegget med tilhøyrande leidningar på eit kart.
    • Oversikt over kva eigedommar som brukar/skal bruke same avløpsanlegg som deg
    • Andre interesser som søknaden kan komma i konflikt med t.d. drikkevassforsyning (private brønnar), badeplassar, friområder osb.
    • Oversikt over kven som er nabovarsla
    • Kopi av protestar/merknadar til søknaden din
Kva kostar det?

Trykk her for oversikt over prisar.

Krav til søkjar

Etablering av eit avløpsanlegg krev også at du har søkt om og fått løyve til tiltak med ansvarsrett. Når du skal etablere eit avløpsanlegg, må etableringa skje i samsvar med gjeldande plan for eigedomen der du skal plassere anlegget. Er det i strid med planen, må du søkje om dispensasjon.

Du kan ikkje byggje anlegget før vi har gitt byggjeløyve. Før du kan ta i bruk anlegget må du søkje om og få ferdigattest eller mellombels bruksløyve.

Når får du svar på søknaden?

Vi startar behandlinga av søknaden når søknaden er ferdig utfylt og har alle nødvendige vedlegg. Behandlingsfristen er seks veker frå vi har mottatt fullstendig søknad. Manglar det opplysningar eller dokumentasjon, kan dette forseinka behandlinga.

Dersom du har søkt om unntak frå standardkrava i forureiningsforskrifta kapittel 12 gjeld ikkje saksbehandlingsfristen på 6 veker.

Søkje tilkobling til kommunalt anlegg - vassleidning

Tilknyting til nytt kommunalt nett skal skje i kummar. Mogleg utforming er synt på standard A2. Ved fleire enn 3 tilkoplingar skal det nyttast manifold. Manifolden skal plasserast lågast mogleg i kummen. Kvar einskild stikkleidning skal ha stengjekran med varig merking med gards- og bruksnummer.

Eventuelle tilkopling utanom kum skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen.

Tilknyting på undervassleidning/sjøleidning er ikkje tillatt.

Tilknyting skal også vere i samsvar med kommunen sitt sanitærreglement/avtaleverk for tilknyting til kommunalt VA anlegg.

Generelt

Krav til innmåling: Avgrening utenfor kum skal innmåles med X-, Y- og Z-koordinater.

Se elles Vaksdal kommune sin VA-norm.

Trykk her for å lese kommunen sin VA-norm.

Trykk her for å komme til søknadsskjema for tilkopling - vassleidning.

Trykk her for prisar.

Søkje tilkobling spillvassleidning

Tilknyting til kommunalt nett skal skje i kummar. Mogleg utforming er synt på standard teikning A3.Trykk her for å finne standard teikning (PDF).

Tilknyting med greinrøyr utanom kum kan godkjennast i spesielle tilfelle av VA-ansvarleg i kommunen.

Tilknyting på undervassleidning/sjøleidning er ikkje tillatt.

Ved tilknyting av stikkleidning må kjellargolv og/eller vasstand i lågaste monterte vasslås liggje minst 900 mm høgare enn innvendig topp hovudleidning, målt ved avgreiningspunktet mellom stikkleidning og hovudleidning.

Tilknyting skal også vere i samsvar med kommunen sitt sanitærreglement/avtaleverk for tilknyting til kommunalt VA anlegg.

Trykk her for å komme til søknadsskjema - tilkopling spillvassleidning.

Trykk her for prisar.

Kontaktinformasjon VA-ansvarleg 
Nyttige lenker
Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Her kan du bestille møte med ein sakshandsamar.

Send ein e-post med spørsmålet ditt til post@vaksdal.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.


Sist oppdatert: 03.09.2024
Publisert: 12.10.2018