Stengt vatn

Befolkningsvarsling

Vi varslar deg viss vi må stenge vatnet hos deg. Les meir om varsling ved stengt vatn. 

Meld inn feil

Meld inn feil her viss du har problem med vatnet på din eigedom.

Før vi stengjer vatnet

Vi varsler deg hvis vi må stengje vatnet hos deg. Tida du får oppgitt er omtrentleg og vi gir beskjed dersom det blir endringar.

Det er lurt å fylle opp vatn i drikkeflasker og bøtter på førehand.

Vi anbefaler å stengje innvendig hovudstoppekran til bustaden/eigedomen dersom det er mogeleg. Då er det mindre sjanse for å få partiklar inn i vatnrøyra når vatnet er tilbake.

Når vatnet er stengt

Du må halde alle vasskraner stengt medan arbeidet pågår og vatnet er stengt. Dette er viktig for å unngå skader på ditt sanitærutstyr.

Du bør ikkje trekke ned i toalettet når vatnet er stengt. Du kan bruke toalettet, men skyll då ned med vatn frå bøtter du har fylt opp på førehand.

Når vatnet er tilbake

Opne ein kran med kaldt vatn for å sleppe ut luft og spyle ut partiklar. La vatnet renne til det er klårt.

Bruk helst vatnkranen som er nærast vatninntaket til bustaden og skru av eventuell sil på tuppen av kranen.

Råd ved brunt vatn

Vatnet kan vere meir eller mindre brunt etter at det har vore stengt hos deg, eller i nærleiken av deg.  

  • Opne ein kran med kaldt vatn og la vatnet renne til det er klårt.
  • Bruk helst vatnkranen som er nærast vatninntaket til bustaden og skru av eventuell sil på tuppen av kranen.
  • Hvis vatnet ikkje er klårt etter at du har latt det renne i ein time bør du kontakte oss.
  • Du bør ikkje trekke ned i toalettet så lenge du har brunt vatn i springen. Du kan bruke toalettet, men skyll ned med vatn frå bøtter.
  • Unngå å tappe varmt vatn for å hindre grums til varmtvasstanken.
  • Utset lys klesvask til vatnet er klårt igjen. Hvis du er uheldig og får brunfarge på klesvasken, anbefaler vi at du held kleda våte til du får vaska dei i rent og klårt vatn. Tørkar kleda, kan dei misfargast.
  • Det er ikkje farleg å drikke vatnet, eller bruke det i matlaging.
Kvifor vert vatnet brunt?

Brunt vatn og partiklar i drikkevatnet skyldast at innvendig belegg i vassleidningane løsner og fraktes med drikkevatnet.

Dette kan skje når vi spyler dei kommunale leidningane, ved arbeid på leidningsnettet, ved brot på ein vassleidning, eller når vatnhastigheiten aukar brått, til dømes ved brannslokking, eller høgt vassforbruk.


Sist oppdatert: 12.06.2023
Publisert: 13.09.2018