Tilsyn på private avlaupsanlegg
Tilsyn av avlaupsanlegg er svært viktig for å førebyggje forureining i vassdrag og bekkar. I tilegg private drikkevasskjelder, badeplassar og jordvanningsanlegg.
Kontroll
Norva24 er leverandøren som utfører tømming av slamavskiljarar i Vaksdal kommune. Samtidig med tømminga gjennomfører selskapet også ein kontroll av tilstanden i slamavskilljarane.
Kontroll av avlaupsanlegg inkluderer:
- Å sjå om utløpet frå tanken er senka for å hindre slamflukt ut frå tanken.
- Å sjekke om vass-standen i tanken er normal.
- Å undersøke om grøfter etter tanken er tette.
- Å finne eventuelle feil på lokket eller framande gjenstandar i tanken.
Tømmefirmaet varslar kommunen dersom dei oppdagar avvik. Om vi blir varsla tek vi kontakt og ber deg som eigar rette opp feilen innan avtalt tid. Det blir gjennomført tilsyn i etterkant.
Tilsyn
Tilsyn på avlaupsanlegg kan omfatte:
- Prøvetaking og analyse av vassprøver.
- Kontroll av infiltrasjonsanlegg.
- Sjekk av utslippspunkt.
- Oppfølging av anlegg som ikkje fungerer.
Tilsyn blir alltid varsla på førehand. Det blir oftare gjennomført tilsyn på avlaupsanlegg som ligg i sårbare område, til dømes nært drikkevatn.
Kommunen tek i dag vassprøver i lokale elvar, bekker og vatn for å ha oversikt over tilstanden og for å oppdage eventuell forureining. Dersom vassprøvene er forureina, blir det tatt fleire prøver for å lokalisere kjelda til forureininga.
Tilsyn av avlaupsanlegg er svært viktig for å førebyggje forureining i vassdrag og bekkar, og i neste omgang private drikkevasskjelder, badeplassar og jordvanningsanlegg.
Tømmekalender
Du finn og meir utfyllende informasjon og svar på ofte stilte spørsmål.