Trafikksikker kommune

Vaksdal kommune vart i januar 2016 godkjent av Hordaland fylkeskommune og Trygg trafikk som fylket sin fyrste "Trafikksikker kommune". 

Å vere godkjent som trafikksikker kommune betyr ikkje at det ikkje skjer trafikkulukker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilskapleg arbeid med trafikktryggleik.

Godt trafikktryggleiksarbeid gjev kommunen bra omdømme, færre skader og fornøgde innbyggjarar.

For å lukkast må alle kommunen sine einingar bli involvert i arbeidet og den enkelte einingsleiar ta delansvar. Arbeidet er forankra i den politiske og administrative leiinga.

Trykk her for å opne prioriteringslista for fysiske tiltak på kommunale vegar 2023-2026.

Kriterier for trafikksikker kommune

Politisk og administrativ leiing

  • kommunen har forankra ansvaret for trafikktryggleiksarbeidet

  • kommunen har innarbeida trafikktryggleik i HMS/internkontrollsystemet som inneheld reglar for reiser og transport i kommunen sin regi, og ved kjøp av transporttenester

  • kommunen har ein trafikktryggleiksplan som er forankra i fylket sin trafikktryggleiksplan.

  • kommunen har innarbeida kriterie / sjekklister for kommunen sine einingar (HR, barnehage, skule, kultur, helse og veg)

  • kommunen påverkar lag og foreiningar til å innarbeide reglar for trafikktryggleik

Barnehage

Trafikktryggleik i barnehagen generelt

  • trafikkopplæring vert integrert som ein del av barnehagen sitt omsorgs- og opplæringsarbeid og i barnehagen sin årsplan

  • barnehagen har utarbeida rutinar for å ivareta trafikktryggleiken på turar til fots, med bil eller buss

Trafikkopplæringa i barnehagen

  • borna lærer enkle trafikkreglar for fotgjengarar, om sikring i bil, sykkelhjelm og refleks

Samarbeid mellom barnehage og heim

  •  rutinar for å ivareta barna sin tryggleik ved barnehagen sin parkeringsplass og port vert gjennomgått årleg med foreldre og tilsette

  • det vert stilt “krav” til foreldre om å sikra barn på veg til og frå barnehagen

  • trafikktryggleik og trafikkopplæring er eit integrert tema på foreldremøter

Samfunnsutvikling

  • har ansvar for kommunen si drift og vedlikehald av kommunen sine vegar

  • planlegg og gjennomfører dei fysiske trafikktryggleikstiltaka som er prioritert innanfor kommunen sine økonomiske rammer

Helse og meistring

  • fremja folkehelse, spreie opplysning og gje råd om kva innbyggjarane sjølv kan gjere for å førebyggje skader

Dale skule - Dalekunst

Skulen har involvert elevane i trafikktryggleiksarbeidet gjennom blant anna Dalekunst.

Her kan du sjå trafikktryggleiksvideoar frå Dalekunst.

Klipp hekk og busker! 

Tenk lokaltryggleik i ditt lokalmiljø.

Her kan du opne brosjyren vår om klipping av hekk og busker.

Trykk her for å lese meir om Trafikksikker kommune på  nettsida til Trygg trafikk .


Sist oppdatert: 26.01.2024
Publisert: 02.08.2018