Dale skule
Dale skule er ein ny og moderne barne- og ungdomsskule som ligg i sentrum av Dale
Elevane på ungdomstrinnet kjem frå bygdene Vaksdal, Stanghelle, Stamnes og Dale, medan elevane på barnetrinnet er frå Dale.
Skulen satsar på digital undervisning og det er investert i digitalt utstyr som digitale tavler i alle rom, Chromebooks til alle elevane og VR-briller.
Det nye skulebygget har kultursal med plass til 250 gjestar, bibliotek og eit symjebasseng på 25 meter.
MOT
Skulen har utdanna to MOT- coachar som skal gjennomføre ulike økter med elevane etter ulike tema gjennom skuleåret.
Desse øktene skal trena ungdomane til å bli meir robuste til å ta eigne gode valg når dei kjem i ulike situasjonar. Målet er at ungdomane skal bli tryggare på seg sjølv og ha MOT til å seia nei.
PALS
Me er ein PALS skule som arbeider for eit positivt læringsmiljø.
Visjonen til skulen er "Opplevingar og læring i sentrum".
Publisert: 12.10.2021 Sist oppdatert: 07.08.2023