Stanghelle barnehage

Bilete av barn som leiker i sand.

Barnehagen ligg i sentrum av Stanghelle og er ein barnehage med fem avdelingar.

Barnehagen har gangavstand til butikk, skule, tog og buss.

Barnehagane i Vaksdal arbeider målretta med eit inkluderande miljø og å vera ein god og trygg plass for barna.

Me er glade i å vera ute og opptekne av at barna skal vera i fysisk aktivitet. Borna nyttar nærmiljøet til å gå på tur, ofte med niste i sekken.

Sosial kompetanse og leik, saman med eit rikt og variert språkmiljø i kvardagen er nokre av våre viktigaste oppgåver.

Barnehagane serverer frukt og smørjelunsj kvar dag, med varme måltider jamnleg.

Trykk her for å finne kontaktinformasjon til Stanghelle barnehage.



Publisert: 22.11.2021     Sist oppdatert: 18.02.2022