Vaksdal barnehage

Bilete av barn som leikar i Vaksdal barnehage

Barnehagen ligg vakkert til med utsikt over bygda og fjorden. Den har eit stor og fint uteområde som innbyr til variert leik og fysisk aktivitet. 

Barnehagen vart opna i 2014 og har tre avdelingar for aldersgruppa 1-6 år.

Det er gangavstand til turterreng, idrettsplass, skule, butikk, togstasjon og buss. 

Barnehagane i Vaksdal arbeider målretta med eit inkluderande miljø og å vera ein god og trygg plass for barna.

Me er glade i å vera ute og opptekne av at barna skal vera i fysisk aktivitet. Borna nyttar nærmiljøet til å gå på tur, ofte med niste i sekken.

Sosial kompetanse og leik, saman med eit rikt og variert språkmiljø i kvardagen er nokre av våre viktigaste oppgåver.

Barnehagane serverer frukt og smørjelunsj kvar dag, med varme måltider jamnleg.

Trykk her for å finne kontaktinforamsjon til Vaksdal barnehage.



Publisert: 22.11.2021     Sist oppdatert: 18.02.2022