Dale

Haustbilete frå Dale sentrum.

Stasjonsbygda Dale med 40 minutt pendleavstand til Bergen er kommunesenteret i Vaksdal. Her er kommunale tenester samla.

I sentrum er det fleire butikkar som jernvare, apotek, blomebutikk, bruktbutikk, kaféar, fabrikkutsal og matbutikkar. Matbutikkane har sundagsope.

Dale skule som opna i 2020, ligg òg i sentrum. Her har vi bibliotek, kultursal og stort symjebasseng.

Stor dugnadsinnsats dei siste åra viser godt att i Gatå på Dale. Her er det triveleg å vera. 



Publisert: 22.11.2021     Sist oppdatert: 20.02.2022