Kulturskule

Vaksdal kulturskule har tilbod på instrument, song, visuell kunst, band. Kulturskulen har og samarbeid med korps.

Bilete av elever og lærarar i kulturskulen

Kvar veke får om lag 100 elevar kulturskuleundervisning individuelt eller i gruppe.

Kulturskulen held til i Dale skule der vi har tilgang på gode øvingslokaler, mykje flott utstyr og kultursal til å halde konsertar.

Undervisninga skjer på ettermiddag og tidleg kveld, eller i SFO-tida. Ein del av undervisninga skjer på andre skular på ettermiddagstid, eller i SFO-tida.

Kulturskulen har tilbod til dei yngste, til ungdom og dei midt mellom.

Dalekunst er eit samarbeidsprosjekt mellom kulturskulen og Dale skule. Her får ungdommar utfolde seg i den visuelle kunsten. Nysgjerring? Trykk her for å komme til nettsida til Dalekunst.

Trykk her for å lese om tilbodet til kulturskulen på vaksdal.kommune.no. 



Publisert: 30.11.2021     Sist oppdatert: 21.06.2024