Skuleguiding 2024
Vi ønskjer velkomen til skuleguiding på Skipshelleren.
Opplev Skipshelleren, ein 7000 år gammal steinalderbuplass
Bankelydar og ville hyl ljomar og bålrøyken brer seg i skogen ved Skipshelleren. Steinalderbarn kledd i skinn og med steinøkser i hand spring dei omkring.
Omtrent slik trur vi det kan ha vore for ungane i Skipshelleren. Vaksdal kommune ønskjer å formidle kunnskapen om korleis det var å bu her på denne tida, både for barn og vaksne.
I mange år har vi organisert eit undervisningstilbod til skular i regionen. Tilbodet er i hovudsak tilpassa 4. og 5. trinn, men eldre elevar kan og vere med. Vi får svært gode tilbakemeldingar på at dette er ein spennande og annleis dag med undervisning. Og ikkje minst så er det ei stor oppleving å kome innunder helleren.
Etter at elevane har vore på guida tur i Helleren blir det:
- Jungelløype
- Mogeleg å lage sitt eige steinaldersmykke
- Hellerisning
- Pil og bue
- Villsvinjakt
For inneverande skuleår har me følgjande datoar:
- April: 4,11,18 og 25.
- Mai: 2,7,14, 23 og 28.
- Juni: 4.
Klokkeslett:
- Kl 9.30 – 13:00
Pga busstransport er det fleire skular som returnerar kl 12.30. Dette tilpassar vi.
Pris:
- Kr. 145,- pr. barn
Vaksne betaler ikkje.
Guide Anne Lise Leiren Mastervik har med seg Evy Kvamme frå Vaksdal kommune.
Påmelding: Frist 30.mars
Publisert: 05.01.2024 Sist oppdatert: 06.03.2024