Anna og Jørgen Bergo - Eksingedalen
Likar godt livet på bygda
Me bur på Bergo i Eksingedalen saman med Alma på 1 år.
Anna har bachelor i friluftsliv, kultur og naturrettleiing og jobbar som lærar på skulen i Eksingedalen.
Jørgen jobbar med ungdom og har turnusarbeid og fine turnusfriperiodar heime på Bergo.
Me likar godt livet på bygda saman med folk og dyr og ikkje minst naturen.
Friluftsliv er ei felles interesse me har og me brukar så mykje me kan av tida vår ute: turar i skog og mark, og på ski på vinteren. Kano og kajakk, hengekøye eller telt. Jørgen har også jakt som stor interesse!
Publisert: 07.01.2022 Sist oppdatert: 23.02.2022