Kari Hopperstad Rødland - Bergsdalen
På fritida brukar eg mykje den flotte naturen eg har, rett utanfor døra mi, året rundt.
Eg er 55 år, gift, har 2 døtrer og 2 barnebarn.
Eg har budd på Rødland i Bergsdalen i 31 år og har drive gard i lag med mannen min.
I 2015 overtok eldste dottera vår garden. No arbeider eg i heimetenesta i Vaksdal kommune.
På fritida brukar eg mykje den flotte naturen eg har, rett utanfor døra mi, året rundt. Her går eg fine fjellturar, både til fots og på ski. Elles er eg med på ulikt lagsarbeid her i dalen vår.
I vinterhalvåret reiser eg ofte over fjellet til Voss, for å danse folkeswing, som eg synes er ein fin hobby.
Publisert: 22.11.2021 Sist oppdatert: 23.02.2022