Vossebana og E 16 Arna-Stanghelle
Ny raskare og tryggare veg- og jernbane mellom Arna og Stanghelle.
11. september 2024 ble det kunngjort byggestart for K5-prosjektet i 2025.
Prosjektet på rundt 38 milliardar blir omtalt som «K5» og består av 30 kilometer veg og bane. I tillegg til å korte ned reisetida på jernbanen mellom Noregs to største byar, vil det også sikre bilvegen. Som kjent har det gått ei rekke ras på dagens E16 og tunnelen langs strekninga er utdatert.
Prosjektet reknar byggetida til mellom 12 og 14 år. Med byggestart i 2025 betyr det ferdigstilling ein gong mellom 2037 og 2039.
Dette tyder at store delar av veg og bane i framtida vil gå i tunnel gjennom kommunen vår. Dette er den tryggaste måten å reise på i vårt terreng, og Vaksdal kommune ser fram til at prosjektet skal starte opp. I samband med prosjektet blir det mange arbeidsplassar knytt til anleggsverksemd i kommunen, og det vil vere behov for servicetenester knytt til dette. Det finst store mogelegheiter for både gründerar og investorar når eit milliardprosjekt vert realisert.
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Bane NOR og Statens vegvesen om å bygge sikrare og raskare veg- og banetrase mellom Bergen og Voss.
Trykk her så kjem du til prosjektsida til Statens vegvesen.
Bilete: VY
Publisert: 30.11.2021 Sist oppdatert: 11.09.2024