Tilgjengelegheitserklæring
Kva gjeld denne erklæringa for?
Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for nettsida til Vaksdal kommune, inkludert "Minside".
Erklæringa gjeld ikkje andre subdomene under vaksdal.kommune.no, til dømes kommunen si innsynsløysing og skjemaløysing (ny skjemaløysing er i produksjon).
Kven er ansvarleg for nettstaden?
Kommunikasjonsleiar har systemansvar for vaksdal.kommune.no og skal i tillegg til å halde nettstaden oppdatert:
- sikre riktig og relevant innhald saman med fagområda
- sikre klart språk
- sikre god universell utforming
Vi følgjer standarden "Retningslinjer for universell utforming av nettinnhald (WCAG) 2.1."
Trykk her for å sjå meir om WCAG 2.1-standarden på digitaliseringsdirektoratet sine nettsider.
Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet går føre seg i samarbeid med vår tekniske leverandør Sem & Stenersen Prokom.
Trykk her for meir informasjon om vår tekniske leverandør på prokom.no.
Slik jobbar vi med nettsida vår
Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit er sentralt i arbeidet med nettsida vår.
For å kvalitetssikre nettsida bruker vi analyseverktøyet Monsido.
Vi jobber vidare med innhaldet på nettsida med mål om at alt innhald skal vere best mogleg universelt utforma.
Vi skal mellom anna:
- oppretthalde og videreutvikle universelt utforma nettside
- bruke klart og tydelig språk
- tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
- sikre universell utforming ved valg av tredjepartssystem og utvikling av eksisterande system
- rydde opp i PDF-filer og erstatte filer som ikkje oppfyller dagens krav
Status for samsvar med krav
Vaksdal.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.
Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 6 av 47 krav i regelverket.
Vi jobber no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.
Trykk her for å sjå tilgjengelegheitserklæringa for Vaksdal kommune
Chatboten Kommune-Kari er testa mot punkta i tilgjengeleghetserklæringa og tilfredsstiller alle relevante krav.
Trykk her for å sjå den komplette gjennomgangen av krava i UU-sjekken til Boost.ai
Tilgjengelegheitserklæring for KSFiks-løysinga edialog
Nettstaden svarut.ks.no/edialog er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 8 av 47 krav i regeleverket.
KS jobbar no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.
Trykk her for å opne tilgjengelegheitserklæringa for KS fiksløysinga edialog.
Tilgjengelegheitserklæring for Vigilo App
Appen Vigilo er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 9 av 47 krav i regeleverket.
Vigilo jobbar no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.
Trykk her for å opne tilgjengelegheitserklæring for Vigilo (IOS)
Trykk her for å opne tilgjengelegheitserklæring for Vigilo (Android)
Tilgjengelegheitserklæring for Framsikt
Nettstaden Framsikt er delvis i samsvar med krava til universell utforming av ikt.
Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 21 av 47 krav i regeleverket.
Framsikt AS jobbar no med å utbetre desse med mål om å vere i samsvar med regelverket.
Handlingsprogram og økonomiplan 2024 - 2027 Budsjett 2024 Kommunedirektøren sitt forslag - Trykk her for å opne tilgjengelegheitserklæring for Framsikt
Handlingsprogram og økonomiplan 2024 - 2027 Budsjett 2024 Kommunestyrets vedtak - Trykk her for å opne tilgjengelegheitserklæring for Framsikt
Gi oss tilbakemelding!
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald fordi nettsidene ikke er godt nok universelt utforma?
Send ein e-post til info@vaksdal.kommune.no, eller ta kontakt med ansvarleg for nettsida:
Leiar kommunikasjon og service, Mona Mekki
Telefon: +47 970 90 168