Idrettsanlegg

Idrettshall

I første etasje er det speleflate for handballkampar. Her er også merka og utstyrt for basketball, volleyball og badminton.

Hallen kan delast i tre med skiljeveggar ved behov. Hallen har scene og eit enkelt lydanlegg.

Det er fire ordinære garderobar og to mindre dommar-/instruktørgarderobar. I samband med inngangspartiet er det eit enkelt kjøkken og kafeområde.

Styrkerom

I andre etasje er det eit godt utstyrt styrkerom som er ope for alle over 16 år.

I same etasje er det også eit rom med spinningsyklar. Dette kan leigast av grupper.

Det er ein garderobe med dusj i denne etasjen.

Treningsmedlemskap

Dersom du ynskjer å trene fast i styrkerommet på Turbinen kan du få deg eit medlemskap. 

Du kjøper ei nøkkelbrikke som gjev deg tilgang til styrkerommet.

Deretter blir du fakturert for dei månadane du trenar. Dette vert registrert når du nyttar nøkkelbrikka. Faktura kjem i posten. 

Opningstid for styrkerommet er frå klokka 06 til 22 kvar dag. 

Medlemskapet gir ikkje tilgang til hallen i 1.etasje.

Kva kostar det?

Nøkkelbrikka kostar 110 kr.

Månadsavgift 115 kr. 

Kontakt

Er du interessert i å delta på treningar, bruke styrkerom, leige andre rom, eller ynskjer anna informasjon, ta kontakt med 

Driftsleiar Ole Johnny Domben

Besøksadresse: Sandlivegen 14. 5722 Dalekvam

Geitabakken

Geitabakken idrettsbane ligg i Elvavegen, ved sida av Daleelva.

Det er ein kunstgressbane med internasjonale mål. 

Bana er eigd og vert drifta av Vaksdal kommune. 

Klubbar som nytter bana er Dale IL og Stanghelle IL. 

Kontakt

Ynskjer du å låne bana, ta kontakt med

Erlend Hesjedal Johannessen

Les meir på Dale idrettslag si facebookside.


Sist oppdatert: 31.10.2018
Publisert: 01.06.2018