Stamnes oppveksttun

Stamnes oppveksttun ligg i Sanden på Stamnes. Oppveksttunet er nyrenovert og moderne

Biletet av barn som leikar på Stamnes oppveksttun

I 2022 er der 17 elevar på barnetrinnet og 9 barn i barnehagen.

Visjon til oppveksttunet er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra. 

Oppveksttunet er ein samlokasjon av skule, SFO og barnehage. Her opplever barna trygge og varierte dagar, mellom anna uteskule og felles aktivitetar på tvers av aldersgrupper.

Uteområdet rundt oppveksttunet har to leikeplassar, idrettsbane med grus og kunstgrasbane for ballspel. I nærleiken til oppveksttunet ligg naturområde som vert nytta til utflukter som skeisedagar og skidagar. 

Me har framleis ledige plassar både i skulen og i barnehagen😊

Trykk her for å finne kontaktinformasjon til Stamnes oppveksttun.



Publisert: 12.10.2021     Sist oppdatert: 02.03.2022