Om Skipshelleren

Skipshelleren er ein unik unike steinalderbuplass på Straume i Vaksdal kommune. Her har ein funne spor etter menneske som har budd under helleren sidan isen frå siste istid trekte seg attende. Dei eldste funna er frå eldre steinalder, nærare bestemt tida omkring 5200 f.Kr.

Namnet Skipshelleren er truleg frå mellomalderen

Namnet kjem av at her drog vossingane opp skipa sine, anten i vinteropplag, eller for å ta seg vidare innover til fots. Men Skipshelleren er mykje meir spennande enn namnet skulle tilseia.

Dimensjonane

Når du ser Skipshelleren litt på avstand, ser du ikkje noko anna enn ei bratt fjellside med overheng. Kanskje du undrar deg over korleis plassen har fått "heller" i namnet sitt? Men kjem du inn på sjølve hellergolvet, får du eit anna inntrykk. Då føler du det som om du er inne i eit kjempestort rom, med eit kjempehøgt tak over.

Avstanden frå innerst i helleren til open himmel (dråpefallet) er om lag 15 meter på det lengste. Takhøgda er endå meir imponerande: heile 30 meter.

Klimaet

Når du kjem inn på hellergolvet, er du brått i ly for både vind og regn! Golvet er heilt tørt, så tørt at når du spenner i den oskegrå sanden, lagar du ein støvsky same kva tid det er på året.

Etter alt å døma var Skipshelleren ikkje nokon heilårs bustadplass.  Ein reknar det som sannsynleg at folk flytta inn hit tidleg på våren, og reiste lenger ut mot kysten att på seinhausten.

Sjølve helleren er ganske avsola, noko som har sine fordelar, ikkje minst med tanke på oppbevaring av mat.

Plante- og dyreliv

Då det er heilt tørt på sjølve hellergolvet, veks det heller ingen plantar der. Ovanfor og rundt helleren er det likevel eit rikt planteliv, med mange ulike tre- og planteslag. I eldre tider var her eit rikt dyreliv i området, og dyr som villsvin, bjørn og hjort var her mykje av. Hjort finst her også i dag i store mengder.

Nedanfor helleren ligg nedre del av Bolstadstraumen. Her møtes elva Vosso og Osterfjorden. Dette gir ei blanding av ferskvatn og saltvatn, i tillegg til spesielle straumtilhøve. I desse vasstilhøva var det i si tid eit yrande fiskeliv, noko funna under Skipshelleren har gjeve klåre bevis for.

Heilt opp til dei seinaste tiåra har til dømes laksen vore ei viktig attåtnæring for bøndene i området. Funna syner også at det i eldre tider har vore mykje sel i fjorden.

Kvifor buplass

Det rike fiske- og dyrelivet i fjorden og det mangeslungne plante- og dyrelivet på land, er nok den viktigaste forklainga på kvifor folk busette seg på Skipshelleren i steinalderen for opp til 7000 år sidan. Sjølvsagt var det også viktig at ein fann ein slik høveleg buplass i området. Dei tidlegare nemnde vertilhøva gjorde også sitt til at plassen var attraktiv som buplass.

Utgravingane

For om lag 70 år sidan gjorde arkeologar frå Universitet i Bergen utgravingar i området. Utgravingane var eit resultat av at lokale folk hadde sendt inn funn frå området rundt Skipshelleren som dei meinte måtte vera av interesse for Universitetet.

Dei fekk rett. Under utgravingane frå 1930-31 fann ein rundt 175 000 bein og beinsplintar av dyr. Av desse var ein liten prosent frå fugl, noko meir frå fisk, men mesteparten frå pattedyr. Sjølv om ein fann ein del reiskapar av stein og flint, så det ut som om at horn og bein var det viktigaste reiskapsmaterialet til steinalderfolket.

God utnytting av ressursane

Golvet i helleren var eigentleg ein avfallsdunge Ettersom dei grov seg nedover lag for lag, tidsepoke for tidsepoke, kunne dei stadfeste korleis livet hadde vore for menneska som hadde budd der opp gjennom tidene. I alle lag fann dei synlege prov på at folka som hadde budd der hadde livnært seg av jakt, fangst og fiske. Både dyra og fisken vart nytta vel: kjøtet vart brukt til mat, beina til reiskapar og skinnet til klede. Folket under helleren må ha vore særs flinke til å fange hjort og sel. Desse artane utgjer det meste av funna frå utgravingane. Sjølve jaktmetodane var det vanskeleg å finne bevis for under helleren. Kanskje de kjem på ein lur metode når de får sjå området rundt helleren?

Havnivået før og no

Når ein snakkar om ein tidsperiode på 7000 år, er det klårt at det har vore endringar i og rundt sjølve buplassen, både når det gjeld klima og topografi (korleis landskapet er forma). Til dømes har ein funn som syner at sjøen sto nærmare 20 meter høgare enn i dag. Med andre ord berre like under det nederste laget i hellergolvet. På eit vis kan ein seia at maten symde like forbi "stovegolvet".

Mange uløyste gåter

Korleis kvardagen arta seg under helleren veit ein sjølvsagt lite om i dag. Steinalderfolka sine skikkar og levemåtar er det umogeleg å gjenskapa autentisk. Ein har heller ikkje funne nokon gravplass i området kring helleren. På byrjinga av 1950-talet, altså omlag 20 år etter utgravingane, fann nokre barn ein hovudskalle tett ved utgravingsplassen. Hovudskallen er datert attende til omlag 2300 f.Kr., og ein har funne ut at den er av ein gut i 6-8 års alderen. Skipshelleren er blitt den vesle guten sin siste kvilestad, men korleis dette har gått til er ein av dei mange uløyste gåtene knytt til denne spanande plassen.

Ein har heller ikkje funne helleristingar i nærområdet. Kanskje ein ikkje har leita på dei rette plassane? Dei næraste er i Mostraumen om lag 15 km unna i samme fjordsystemet.



Publisert: 05.01.2024     Sist oppdatert: 20.02.2024